Me likar å ferdast i naturen, heile familien.

Sommar og tidleg haust går med til fisking i fjellet. I slutten av august tek jaktsesongen til. Først rein, seinare hjort og elg. Det er mykje fisk og vilt i skogen og på fjellet i Hemsedal. Det finnst og mykje som gror i den grøderike jorda. Bær, sopp, urter og ulike ville vekstar, vert sanka inn. Me saftar, syltar, turkar og frys ned heile vinterforsyninga i løpet av nokre hektiske veker.

Dette er det gode liv for familien vår….

Råvarer med naturleg smak…

Saftig gras og næringsrike urter. Klårt vatn frå friske kjedler. Dyr på fjellbeite lever det gode liv og blir til reint og godt kjøt. Hemsedalsfjellet der ørreten vakar. Fisking i seine sommarkveldar.

Difor er maten vår rik på næring og har den naturlege smaken.

Alle slakt kan leverast ferdig oppdelt og pakka, og me tek opp bestilling på kjøt og fisk. Me kvernar kjøt til kjøtdeig og lagar kjøtfarse. Leigeskjering og hakking/kverning/pakking av godkjende råvarer.

Ta gjerne kontakt for å høyra kva som finnast på lager – ferskt eller frose.

Hjort & Elg

Elg- og hjortekjøtet kjem frå skog og fjell i nærområdet. Sesongen for jakt er september/oktober. Elles i året kan me levere frosent kjøt.

Rein

Reinskjøtet kjem frå tamreinlag i Hemsedal og Valdres. Slaktinga går føre seg i september og desember. Elles i året kan me levere frosent kjøt.

Fjellørret

Me fiskar fjellørreten i Hemsedalsfjellet sjølve. Fisket går føre seg frå julig til september. Fisken har naturleg nok variabel storleik, og det meste av fjellørreten legges ned til rak.

Storfe

1/2 og 1/1 slakt av ulike storferaser i distriktet. Kjøtet kan og leverast ferdig oppdelt og pakka. Variabel sesong.

Sau & Lam

1/2 og 1/1 slakt direkte frå fjellbeite i Hemsedal. Kan og leverast oppdelt og pakka. Sesongen for slakt er september/oktober

Laks & Sjøørret

Me bruker oppdrettslaks og sjøørret frå Vestlandet, då me ikkje finn desse i Hemsedalfaunaen. Sesongen er heile året.

Lokal produksjon

Det gamle sjølvbergingssamfunnet utvikla gode konserveringsmåtar for fisk og kjøt. Me har tatt i bruk denne kunnskapen i foredlinga av råvarene. Alle produkt blir produserte i vår fabrikk i Hemsedal. Me leverer varer til reiseliv og overnattingsstader i Hemsedal og Hallingdal, og produkta selges i dagligvarebutikkene.

Spikjing

Spikjikjøtet blir salta og kaldrøykt. Deretter blir det modna over lang tid. Einer gjev ein ekstra god røyksmak. Røyken legg ei bevarande hinne rundt kjøt og fisk.

Graving

Graving mørnar kjøt og fisk på ein god og spennande måte. Me tilsett ulike urter og får fram smakfulle, utsøkte produkt.

Røyking

Varm- og kaldrøyking er ein metode som gjer at kjøt og fisk smeltar på tunga. Ulike krydder og urter får fram særeigne smakar på produkta.

Raking

Rakafisken blir lagt i butten i september/oktober og er ferdig 8-10 veker seinare. Ein lokal godbit ferdig i god tid før jul

Kontakt

Ta kontakt om du ønskjer å bestille catering, gåvepakkar, varer eller berre vil slå av ein prat. Besøk oss og gjerne på fabrikkutsalet på Svøo i Hemsedal – om lag 5 km fra sentrum. Her får du kjøpt alle våre produkt og sesongens varer. Ring helst før du kjem, då me ofte er ute i fjellet og sankar gode råvarer for deg.

E-post
Bruk skjema ved siden av, eller send ein e-post til post@tamtogvilt.no

Telefon:
Kontor: 32 06 01 55
Magne: 415 74 015
Mia: 414 25 050

Send e-post