Noko for ein kvar smak…

Tamt & Vilt har ei mengd lokalproduserte varer til sals i daglegvarebutikkane, og i vårt eige utsal på Svøo. I tillegg til standard sortiment lagar me sesongbaserte varer til blant anna jul og påske, som rakafisk, sylte, lammerull, og sjølvsagt lammelår. Me har og catering for dei som ønsker maten servert og flotte gåvepakkar for dei som vil overraske med ei oppleving for både kropp og sjel.

Kjøt

Spikjipølser av elg, rein og hjort.
Spikji innmatpølse
Spikjikjøt av elg, rein, hjort, storfe, får og svin.
Grava kjøt
Fenalår av lam/sau.
Spikjiskinke og spikjiflesk av svin.
Steikte elgkarbonader.
Kverna elg- og reinsdyrkjøt
Kjøtfarse av elg

Fisk

Varmrøykt laks, sjøørret og fjellørret.
Kaldrøyt laks.
Grava laks.
Rakafisk av fjellørret.(november/desember)

Hallingkost

Tradisjonelt er Hallingkost den maten dei brukte i Hallingdal før det var for mykje ”kjøpemat”. I gamal tid vart maten i hovudsak laga av lokale råvarer, og oppskriftane gjekk i arv frå mor til dotter. I dag er Hallingkost mat for moderne menneske. Hallingkost har sidan 2002 bygd opp ein nettverksorganisasjon med nesten 50 medlemer. Målet er å  gje folk opplevingar med mat som dei berre kan få i Hallingdal. Tamt & Vilt er sjølvsagt medlem.

Om du lurar på kva for retter du kan lage med maten frå Tamt & Vilt har boka “Hallingtapas” mange gode oppskrifter. Boka er å få kjøpt på nett, hos bokhandlarar eller daglegvarebutikkane i Hallingdal.

Send e-post

Kontakt oss

Ta kontakt om du ønskjer å bestille catering, gåvepakkar, varer eller berre vil slå av ein prat. Besøk oss og gjerne på fabrikkutsalet på Svøo i Hemsedal – om lag 5 km fra sentrum. Her får du kjøpt alle våre produkt og sesongens varer. Ring helst før du kjem, då me ofte er ute i fjellet og sankar gode råvarer for deg.

E-post
Bruk skjema ved siden av, eller send ein e-post til post@tamtogvilt.no

Telefon:
Kontor: 32 06 01 55
Magne: 415 74 015
Mia: 414 25 050