
Naturleg smak
For feire tusen år sidan kom fjellfolket til Hemsedal. Dei kom for å jakte rein. Dei fiska i vatn og elvar og dei plukka bær i skog og myr. Me i Tamt & Vilt kjenner oss i slekt med dette fjellfolket som hausta av det naturen gav. Den gode urtesmaken på dyr som har beita fritt i fjellet har alltid vore den naturlege smaken. Slik er det også for oss. Tamt & Vilt brukar lokale råvarer, gamle oppskrifter og tradisjonsrike konserveringsmåtar. Difor er maten rik på næring og har den naturlege smaken.
Me er stolte av råvarene våre!


Til kvardag og fest
Spikjimaten og fiskeprodukta våre finn du i daglegvarebutikkane i Hemsedal, samt utvalgde butikkar i Hallingdal. Me leverar og catering, der du kan velge fritt blant våre produkt. All maten lagar me sjølv, og me set han på bordet ditt. Spikjikjøt og pølse av elg, rein, hjort, storfe og får. Fisken me bruker er laks og fjellaure, varmrøykt, kaldrøykt eller grava. Salatar, dressingar, eggerøre og heimebaka brød.
Til kvardag og fest – me leverar den naturlege smaken.
Tamt & Vilt – Hemsedal.

Kontakt oss
Ta kontakt om du ønskjer å bestille catering, gåvepakkar, varer eller berre vil slå av ein prat. Besøk oss og gjerne på fabrikkutsalet på Svøo i Hemsedal – om lag 5 km fra sentrum. Her får du kjøpt alle våre produkt og sesongens varer. Ring helst før du kjem, då me ofte er ute i fjellet og sankar gode råvarer for deg..
E-post
Bruk skjema ved siden av, eller send ein e-post til post@tamtogvilt.no
Telefon:
Kontor: 32 06 01 55
Mobil: 45 85 88 17
Send e-post
